Miljø og bærekraft

Ull kontra andre fibrar

Nettstad for info om miljø- og bærekraftsider ved tekstilproduksjon:

NICE https://nordicfashionassociation.com/projects




Interessert i å lesa meir om dette emnet?


Livia Firth er produsent av dokumentaren The True Cost som ein kan sjå utdrag av øverst. Heile filmen er tilgjengeleg på Netflix eller iTunes.

Ho er også leiar av organisasjonen Eco-Age og grunnelggar av Green Carpet Challenge. Dei har begge bærekraft som eit overordna mål. Den første arbeider med å rådgje motebransjen til å ta meir bærekraftige og rettferdige val, den andre som ein "grønn kommentar" til fokuset på antrekka som kjendisane ber på den raude løparen. 

Les meir om dette her.


Hausten 2016 kunne ein lese på Fremtiden i våre hender sine sider at ullfiber var mellom miljøverstingane når det gjaldt klede. Dette sette i gang ein debatt i media med mellom andre SIFO forskar Ingunn Grimstad Klepp  som representerte eit anna syn på saka. Det kan vere utfordrande å danna seg eit bilete om kva som stemmer når det gjeld miljø, sidan perspektiva kan vere så ulike.


NRK: Strikkebølgen går igjen over landet og det finnes et hav av ulike garntyper. Men hvor mye av det vi strikker med er egentlig fra norske sauer?          I Forbrukerinspektørene NRK hausten 2016, kan du sjå kva dei fann ut om dette, og her kan du lese litt av det dei tek opp i programmet.

Mesteparten av strikkegarn i norske butikkar, og så og seie alt av ullklede frå norske produsentar er laga av utanlandskprodusert ull. Likevel kan ein fort å tru at ein kjøper klede laga av ull frå norske sauer når ein ser på korleis dei vel å marknadsføra produkta.

Det er eit stadig større fokus på kor dei varene me kjøper eigentleg kjem frå og dette vil kanskje endre forbrukarane sine val framover. Kanskje vil me i nær framtid sjå meir norsk ull i kles- og møbelindustrien?

Du kan lesa meir her om aktuelle norske designarar som arbeider med fokus på ull, både norsk og utanlandsk ull.

Den kulturelle skulesekken i Rogaland i samarbeid med Arkeologisk Museum, Stavanger
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang